Dei aller
fleste borna kjem frå fattige heimar, der det er vanleg å råd til berre eitt
måltid per dag, og då nestan alltid maisgraut. Skilnaden er stor til
barneheimen der det er sett opp ein gjennomtenkt vekemeny slik at borna skal få
nok kaloriar, proteinar, vitaminar, mineralar etc i løpet av veka. Mais er
hovudkjelda for kaloriane. Dei får kokt mais frå måndag til fredag til middag
på kveldstid. To av dagane er det bønner i tillegg, som er ei viktig
proteinkjelde.
lørdag 18. mai 2013
mandag 13. mai 2013
Planleggingen av en annerledes familieferie
Vi begynte å planlegge tur til Tanzania tre år før den
endelige reisen, etter å ha hørt Bjørn fortelle om reisene sine dit. Vi tenkte
det kunne være en spennende og tankevekkende reise for oss alle. Rett og slett
en dannelsesreise for de tre store ungene. Thea Helen var for liten enda i 2009,
bare 3 år. Vi tenkte at når hun var blitt 6 år så ville hun være stor nok for
en slik reise, selv om hun ikke nødvendigvis ville få helt det samme utbytte av
turen som de største ungene som i 2012 var 13, 16 og 18 år.
Etiketter:
Dagbok,
Familiereise
Plassering:
Gonveien, 3260 Larvik, Norge
mandag 6. mai 2013
Vi er alle lærarar
Januar 2013 er det 17 personar som arbeider i heimen,
medrekna Neema og Godbless. Oppgåvene går særleg ut på:
- Laging og utdeling av maten. All matlaging skjer på open flamme i det nye kjøkenhuset
- Oppvask. Her hjelper borna til, men ikkje særleg mykje
- Vask av tøy og sko. Borna vaskar i hovudsak skuleuniformane og sko. Dei store hjelper dei små. Dei tilsette vaskar m.a. sengetøy og –teppe (og det er ingen spøk i 20 l baljer)
- Vask av golv i m.a. matsal, sovesalar og sanitærrom
- Pumping av vatn frå elva til ein kum som tek 15 000 l. Pumpa må kvar dag berast ned dei 20 høgdemetrane til elva og berast opp att om kvelden – det er fare for at ho kan bli stolen. Dette vatnet blir brukt til vasking av kler og kroppsvask. I tillegg må ein tappe vatn frå ein spring, for oppvask og matlaging. Det er mykje arbeid med å bere vatnet i 20 l bøtter til staden der det skal nyttast.
- Stryking av uniformene. Dette tek dagleg 4-5 timar og er oppgåva til Maselina. Jentene brukar foldeskjørt
Abonner på:
Innlegg (Atom)