Som tidlegare
nemnt er mais svært viktig i kosthaldet og hovudkjelda til energiinntaket. I
tillegg et borna både bøner og ris og dessutan kjøt, grønsaker, frukt og neter.
Slik får dei eit godt kosthald, samla sett.
Godbless
har leigd jord i nærleiken av der dei bur og har i år dyrka 25 dekar med mais og maisen vart hausta i september i år.
Dette gav ei avling på 9 000 kg, som dekker 2/3 av det samla behovet for
mais i barneimen (meir enn 100 born + rundt 20 vaksne) og på skulen (meir enn 400 born + rundt 25
vaksne). Alle borna i barneheimen går på skulen. Det gjeld òg for mange av dei
vaksne i barneimen.
Dei
eldste borna i barneheimen hjelper til med planting, fjerning av ugras,
hausting og tresking og arbeidet med å få maisen opp i dei store 100 kg
sekkane. Videoen syner korleis treskinga skjer. Vi ser at borna ber maiskolbane i sekker til treskeverket på traktoren og at maskina spyr ut dei ribba kolbane til den eine sida og maiskorna ut på ein duk til den andre sida. Vi får òg glimt av ein haug med ferdigprodusert mais og maisplantar som kyrne skal ete.
