lørdag 30. august 2014

Undervisning og læring





Ein nordmann kjenner att mykje av det som skjer i klasserommet i Bethel school, men det er òg mykje som overraskar. I dette innlegget skal eg gje eit bilete av inntrykk etter ca 10 besøk i klasserom, med forskjellige lærarar/fag/klassesteg.

Det første som skjer når ein vaksen person kjem på besøk er at alle elevane reiser seg og helsar velkomen og spør korleis det står til. Så må du svare at du har det fint og spørje korleis dei har det. Denne helsinga vert òg gjennomført når læraren kjem til timen. Og når timen er slutt reiser alle seg og takkar læraren for god undervisning.

Biletet syner lærarstaben i februar 2013. Tre av dei er assistentar i «barnehagen», dvs gruppa med 4-6 åringar som går i nursery school. To av dei er ikkje lærarar, m.a. Godbless ytst til høgre.  


tirsdag 12. august 2014

Oppdraget til lærarane


Då eg besøkte Neema og Godbless I februar2014 fekk eg for første gong tid til å vere til stades I mange av klassane for å følgje undervisninga. Tidlegare har det berre vore meir stikk innom i tilfeldige klasserom. Denne gongen forsøkte eg å variere både klassesteg, fag og kva for lærar som underviste. Det vart i overkant av 10 besøk. I tillegg følgde eg med på undervisninga som føregjekk på kveldane heime, særleg 7.klasse sidan dei var avgangsklasse og jobba særleg hardt.

Mykje kjenner vi att frå norsk skule, men det er sjølvsagt òg døme på ordningar og opplegg som overraskar ein nordmann. Eit slikt døme er at alle lærarar har kvar sin bok der dei før di går til timen må gjere greie for opplegget, basert på læreplanen i faget/steget. Ei tilfeldig valt side i boka til ei av lærarane ser slik ut:

 


mandag 7. juli 2014

"Barnehagen"


Borna begynner i skulen det året dei fyller sju. Frå dei er fire kan dei bli opptekne i «barnehagen», som har namnet Nursery school. Det liknar lite på våre barnehagar, langt meir på vår småskule, borna skal lære bokstavar og tal, sitje på pultar og vere rolige. Det er lite leik og frie aktivitetar.
Videosnutten syner korleis Lillean gjev undervisning i talforståing. Borna kjem fram og skal setje ring rundt det talet ho har sagt. Dersom rett tal får ring, blir det applaus og jubel. Eg var i denne tal-økta i nærare ein time og vart svært imponert over korleis Lillean makta å halde full konsentrasjon og stor entusiasme blant dei nærare 100 borna, frå fire til seks år gamle, som skulle lære tal. Venteleg var det ein del av dei minste som ikkje forstod alt som skjedde og blant dei eldste var det sikkert mange som tykte dette var elementært. Likevel så det ut som om motivasjonen var på topp. Ein viktig del av metodikken hennar var å stille mange relativt enkle spørsmål som borna svarte på i kor. Det var med andre ord svært lite einetale frå Lillean.



torsdag 26. juni 2014

Kortreist gass


Det er fire kyr og nokre kalvar i fjøsen. I fleire månader har to karar greve vekk jord og slege seg gjennom steinar og fjell for å lage plass til gassproduksjon basert på kumøkka. Midt i juni sendte Godbless bilete av tankane som då var på det næraste ferdige.

Han seier at tilgang på gass er viktig av m.a. økonomiske og miljømessige grunnar. Kostnaden med drift av gassanlegget blir mykje lægre enn innkjøp av ved - det er ved dei brukar til all matlaging. Av miljøvernomsyn er det eit generelt forbod i Tanzania mot vedhogst, men ein kan søke om løyve til å felle tre. Det er mogleg å få kjøpt ved dersom ein betalar nok – i eit samfunn i utvikling, med m.a. hus- og vegbygging, blir det jo behov for å felle tre.

Ein del av midlane eg har overført tidlegare i år har gått til å dekke hovuddelen av investeringsutgiftene. Ein viktig side ved dette prosjektet er at det aukar kompetansen til murarar og andre som byggjer anlegget og folk får ein demonstrasjon på bruk av gass.

Kummen på biletet blir nytta i samband med produksjonen av gass. Det er mogleg at det er oppi denne kummen at dei tømmer møkka, ein gong i veka trur eg han sa. Neste bilete syner òg tanken der dei lagrar den ferdigproduserte gassen.  

lørdag 17. mai 2014

Ballspel er moro

Fredag er det fysisk aktivitet. Då kjem borna med lette sko og i uniformer som høver for aktivitet. (Kulturen tilseier at jentene ikkje skal syne knea. Dei har difor eit litt langt skjørt, men dei har bukser under skjørtet).

Den fredagen eg var på skulen hadde dei ikkje hatt ein fotball på to veker og sakna det sårt. Jentene hadde heller ikkje hatt ein ball til sitt korgballspel, som skjer attmed fotballbana.

Videoane syner at dei har eit brukbart areal å drive ballspel på, men det vert jo problematisk når alle elevar frå  4. til 7. klasse skal drive på samstundes. Dei burde dele dagane mellom klassane.

Fotballkampen var ei interessant oppleving – gutar og jenter om kvarandre og nokre med sekk på ryggen. Formasjonen til dei to laga og strategiane deira såg ut til å vere nokså like – alle spring etter ballen. Det er sikkert ganske effektivt når kondisjonen er god nok.

Elles ser det til å vere nokre med talent her, særleg ein kar som får med seg ballen i trengde situasjonar med motspelarar på alle kantar.






torsdag 10. april 2014

Særleg om dei fattige på barneheimen


Ein far banka på døra ei veke før eg kom til Tanzania i februar 2014. Han hadde med seg tre  små born, der to var tvillingar. Dei bur i nabolaget. Mor hadde døydd nokre veker tidlegare og no var han heilt fortvila. Uavhengig av kvarandre sa både Neema og Godbless at han græt. Han har ikkje slektningar som kan ta seg av dei. Så spørsmålet var om borna kunne få bu i barneheimen og gå på skulen. Med den lønna han no har kan han betale noko, men ikkje fullt ut, fekk dei høyre.

Dette er eit av fleire døme på spørsmål dei ofte får om å ta seg av born som har det vanskeleg.  

torsdag 20. mars 2014

Slik er det dei vaksne og dei meir enn hundre borna bur

Denne 2 min videoen syner barneheimen og heimen til Godbless og Neema. Medrekna seks lærarar er det rundt 15 vaksne som bur her. Nokre søv i lag med borna, nokre i hovudhuset til Godbless og Neema, nokre i huset attmed bilane og resten i huset som er bygd til mor til Godbless.

Det nye sovehuset til gutane er på 104 m2 og er dimensjonert for 80 gutar med to i kvar seng, men dersom dei er små kan det vere meir enn to i sengane. I samband med denne utbygginga vart det og bygd nye toalett og vaskerom så samla kapasitet på dette for gutar og jenter har auka ganske mykje.

Bygget vart teke i bruk sist sundag og det var stor innviingsfest der assisterande biskop var heidersgjest. Alle gjestene var imponert over standarden og at det er blitt bygd mange hus, mykje pga norske pengar.

onsdag 12. mars 2014

Løner, utgifter og skulepeng




Det er vanskeleg å samanlikne lønnsnivået i Tanzania med løner i Norge. Eit mindretal har fast  jobb og løn. Dei fleste forsøker å få noko inntekt på ymse vis – korttidsoppdrag, sal av jordbruksprodukt på torget/i vegkanten/til naboar, anna type sal (to døme eg høyrde var sal av plastposar til torghandlarane og ambulerande sal av brukte sko frå Europa). Svært mange familiar har 200-300 m2 dyrkbar jord der mange dyrkar mais og/eller bøner. Dette fungerer som ei form for minsteløn og er viktig for å overleve. Ordninga er resultatet av ein politikk som vart innført tidleg på 60-talet då Nyerere vart president etter at England (og Tyskland før dei) hadde hatt kolonimakta, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Julius_Nyerere

På vegen heim frå Flesland den 20. februar, såg eg eit slikt reklameskilt som vist nedanfor, utanfor ein butikk. Prisen tilsvarar rundt 3 promille av ein god norsk månadsløn. Fire bollar i Tanzania kostar venteleg rundt 500 shilling eller to kroner. Ein godt betalt lærar får utbetalt rundt  300 000,- shilling (rundt 1 100,- kr) i månaden. 500 shilling (2 kr) utgjer då  1,7 promille. Kr. 1 100,- pr månad i Tanzania utgjer 5% av kr 22 000-,, som er eit døme på norsk månadsløn. Handverkarar tener rundt 15-20 kr per dag.

Bensin kostar rundt 7 kr pr liter, dvs om lag halvparten av vår pris. Då blir bilhald ikkje mogleg for dei fleste. På den andre sida: mange har hjelp i huset. I ein del tilfelle skjer det med berre seng og kost som betaling. Sjølv om samanlikning er vanskeleg er konklusjonen likevel klar – vi er på ein annan klode materielt sett.  
 

4 bollar – 75 kr

(Dyraste bollane eg har høyrt om. Skulle tru at det vil skremme og ikkje lokke folk inn i butikken)                

mandag 3. mars 2014

Dei største overraskingane



Det var fleire store overraskingar som venta då eg kom til Tanzania 30. januar i år. I dette innlegget skal eg skrive om korleis skulearbeidet heime var blitt trappa mykje opp i høve tidlegare år.

Den aller største overraskinga var likevel at Neema hadde født eit gutebarn berre fem veker tidlegare. Neema hadde meint at dei skulle fortelje meg dette før eg kom, men Godbless hadde lyst til at det skulle vere ei overrasking, og det vart det! Tidlegare har dei fortalt om graviditet ganske tidleg. Han skal heite Markwell. Med det har dei fire born – Gracious, Precious, Eliah og Markwell. Neema har tre månader permisjon frå rektorjobben (men ho hadde dagleg fleire langs samtalar med Lillian, vikaren.)

 


tirsdag 25. februar 2014

Kosedyr frå Solvorn og Hafslo


Dette blir første blogginnlegget etter turen eg hadde  i januar/februar 2014. Medrekna reisedagane gjekk det tre veker. Turen gjekk svært bra, eg vart til og med kvitt forkjølinga eg hadde fått på vegen ned – det var kaldt og trekkfullt på flyet frå Amsterdam til Kilimanjaro flyplass, ein tur som tek 8 ½ t.

Inntrykka er mange og til dels sterke. I barneheimen og på  skulen hadde eg mange positive og tankevekkande opplevingar. Bilete og videosnuttar er lagra i kameraet og ei heil lita bok er full av daglege notat om det som vart sagt og refleksjonar eg fekk. Det blir difor ein god del blogginnlegg framover.

Første innlegget blir om dei vel 100 kosedyra (stuffed animals på engelsk) som var gjevne av born i Solvorn barnehage og skule og frå ein klasse på Hafslo skule. Det var nok til alle.