mandag 15. februar 2016

Alan – snikkar, kaffedyrkar og bonde


Alan er bror til Neema. Han bur saman med familien - kone, mor og son - på eit gardsbruk ved foten av Kilimanjaro. Barneheimen og skulen ligg på rundt 1400 m o.h., Alan bur ca 200 m høgre opp. (Kilimanjaro ragar 5895 m o.h. Porten der folk startar å gå ligg på snaue 1800 m. Også i denne høgda vert det dyrka bananar).

Alan er først og fremst ein hardarbeidande og dugande snikkar. Saman med resten av familien driv han i tillegg landbruk, der dyrking av bananar, frukt som mango med meir og kaffi er hovudprodukta. Garden har og ein gris og ei ku. Tomta ligg i eit bratt, vestlandsliknande terreng som skrånar jamt heilt til toppen av fjellet.
I denne keramikkskåla brenn Alan kaffibønnene, ½ kg av gongen. Metall duger ikkje, då blir dei lett brende

I dette området er det høveleg mykje regn grunna dei topografiske forholda og mykje skog. Jordsmonnet er vulkansk og dette gir god vekst og dessutan aroma, m.a. til kaffien. (Kilimanjaro-massivet har tre toppar. To av dei er utdødde vulkanar, jf Wikipedia. Rundt barneheimen og mange andre stader er bakken strødd med vulkansk stein, ofte på fleire hundre kilo, som må ha vore der sæærs lenge).  

Størstedelen av arealet på garden er nytta til dyrking av bananar og kaffi, og med ulike fruktsortar innimellom. Han visste ikkje nøyaktig kor mange planter han hadde av kvar sort, men tippa at det var mellom 100 og 200 banantre og same tal kaffibusker. Biletet syner Alan til høgre og Godbless midt i banan/kaffi-feltet. Banantrea gjev høveleg mykje skugge til kaffibuskene.



Alan, til høgre, og Godbless mellom banantre og kaffibusker

Etter at bønnene har blitt mørke brune i keramikk-krukka skal kaffien malast. Eg var spent på å sjå korleis denne maskina såg ut. På tidligare besøk hadde han gitt meg ferdigmalt kaffi. Den var enno finare malt enn den filtermalte vi kjøper her i Sogndal, men den var velsmakande med ein fin aroma. Biletet syner «kaffikverna». Staken han brukte veide om lag 10 kg.


Alan knuser brend kaffi i ein mortar.

Etter knusinga tek han kaffien over i ein sikt (den han brukar har ei ramme, dette var berre for å demonstrere prinsippet). Det som ikkje gjekk igjennom vert teke opp att i mortaren.



Bilete av Alan som siktar knuste kaffibønner

Alan kunne elles fortelje at kvar busk gjev mellom tre og fem kilo. Dei vert plukka når dei er raude. Eg meiner han sa at dei hausta to gonger i året. Elles får han betalt ca fire kr per kilo. Eg gav han 50 gonger så mykje då eg kjøpte 10 kg av han for kr 200 per kg, som er Meny-prisen for spesialimportert kaffi. I Tanzanianske shilling vart dette ½ mill, som tilsvarar om lag to månadsløner for ein snikkar.

Og her ser vi Alan med grisen og kua






Ein ekstra stor bananklase


Her bur Alan og familien

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar