mandag 16. februar 2015

Første rapport etter besøk januar/februar 2015



Avreisa frå Torp ved Sandefjord var 22. januar og denne gongen vart det 11 afrikanske netter.

Talet på barn i barneheimen ved besøket i januar 2014 var ca 100. Stor var overraskinga då dei fortalte at no var talet 140. I tillegg bur alle elevar i 7. klasse der for intensiv jobbing fram til eksamen 10. og 11. september. Det betyr at 17 elevar som til vanleg bur heime kjem i tillegg slik at det samla tal no er 157.

Det er dei strålande elevresultata – 7. klassen best i landet – som har ført til oppslag i radio, TV og aviser slik at mange foreldre ber om plass til eit eller fleire barn. Ein del av desse bur langt frå skulen slik at barna må bu i barneheimen. Tal elevar på skulen har auka med om lag 100 frå 300 til 400. Pga plassmangel både på skulen og heime, seier dei no konsekvent nei, men ambisjonen er å utvide, kanskje opp mot 600 elevar på skulen.

Det vart ikkje noko bilete av alle dei 157 samla, men her har kameraet greidd å fange opp vel 110 av borna. Det er søndag og tid for TV.

 


Ein av bidragsytarane sende med meg 400 Nkr. til innkjøp av snop. Neema og eg gjekk på butikk i Moshi og kjøpte inn slik at dei 157 borna og dei rundt 20 vaksne i heimen fekk tre drops kvar den første feststunda og eit drops, to kjeks og ein kopp med saft fem dagar seinare. Du snakkar om suksess! For det første vart forbodet mot snop mellombels oppheva og for det andre fekk dei faktisk snop. Biletet nedanfor er teke etter at dei har fått beskjed om å stille seg opp. Dei visste ikkje då kva som skulle skje – så smila kom litt seinare, men då var eg ein av dei fem som delte ut og fekk ikkje teke bilete.

 

Dei elevane som gjekk ut av 7. klasse no i haust har flytta frå barneheimen. Alle har begynt på ungdomsskulen, som dei kallar secondary school. Sju av dei har begynt på ein nystarta, nybygd skule, Elimo Secondary School, berre to km frå barneheimen. Godbless, Neema og eg fekk lov å besøke dei og her er dei samla. Dei skal gå på denne skulen i fire år. Har dei gode resultat etter fire år, kan dei gå vidare i høgre utdanning, elles må dei gå to år til i upper secondary. 

Som på mange andre tilsvarande skular har elevane ikkje lov å forlate skuleområdet utan om i dei tre feriane. Og foreldra får heller ikkje lov å besøke borna. For ein nordmann er dette nokså framand, det verkar strengare enn norske fengsel. Men elevane og foreldra ser ut til å akseptere at slik skal det vere.

Rektor på skulen gav mykje skryt til elevane frå Bethel. Dei er kunnskapsrike, innsatsvillige, aktive i timane og svært flinke i engelsk, så dei løfta dei andre elvane både i og utanom undervisningstida. På biletet nedanfor kan ein sjå dei sju elevane frå Bethel.

 
Etter skuletid er det kroppsvask og klesvask. Det er flest gutar – 90 av dei 157 er gutar og dei disponerer tre vaskerom. Det er rom på 2x3 m og einaste utstyret er ein sluk i det eine hjørnet. Jentene har fire vaskerom. Det er vanleg at elevane går inn to og to. To deler på eit 10-literspann med vatn som har stått i sola heile dagen. Dei yngste får hjelp. Biletet nedanfor syner gutar som er ferdige med å vaske seg eller som ventar.

 

 Det store framsteget frå i fjor til i år var at strykejerna som vart oppvarma med glødande kol no var komne på museum og blitt erstatta med moderne elektriske strykejern. Alle har to skuleuniformer og alle vaskar uniforma etter skuletid. Dei blir strokne neste dag. Mary stryk gute-uniformene og Angel jentene sine. Arbeidet tek sju timar! I tillegg har dei mange andre plikter. Frå venstre ser vi Serina, Mary, Rehemma og Angel. Dei tre siste fullførte ungdomsskulen no i haust. Mary og Angel har lyst til å bli lærarar, men ser ikkje korleis dei skal greie å finansiere det.
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar