Dette blir første blogginnlegget etter turen eg hadde i januar/februar 2014. Medrekna reisedagane gjekk det tre veker. Turen gjekk svært bra, eg vart til og med kvitt forkjølinga eg hadde fått på vegen ned – det var kaldt og trekkfullt på flyet frå Amsterdam til Kilimanjaro flyplass, ein tur som tek 8 ½ t.
Inntrykka er mange og til dels sterke. I barneheimen og på skulen hadde eg mange positive og tankevekkande opplevingar. Bilete og videosnuttar er lagra i kameraet og ei heil lita bok er full av daglege notat om det som vart sagt og refleksjonar eg fekk. Det blir difor ein god del blogginnlegg framover.
Første innlegget blir om dei vel 100 kosedyra (stuffed animals på engelsk) som var gjevne av born i Solvorn barnehage og skule og frå ein klasse på Hafslo skule. Det var nok til alle.