Det har blitt nokre overraskingar i samveret med
barna i barneheimen. Her kjem to døme.
Første gong eg var der hadde sett meg ned for å prate med eit par av dei.
Då kom det ein heil skokk, minst 20, og alle ville nærast mogleg. Eg tykkjer
det er kjekt å stryke ungar over håret, både heime og andre stader. Håret til
afrikanarar er jo heilt annleis – mykje striare og nokså uvant. Så eg tok på hovudet
til nokre av dei. Det inspirerte fleire til å ta på mitt hår, som det har blitt
mykje mindre av etter kvart – ikkje serleg spanande skulle ein tru. Men det
stoppa ikkje der, dei var òg interesserte i huda og blodårene på hender og
underarmar og dei ørsmå håra på hendene. Så eg vart nøye utforska.
Seinare har fleire kjende fortalt om tilsvarande opplevingar. Biletet viser at barnebarn Victoria opplevde det same sommaren 2012.