Fra: godbless
mamkwe [mailto:revmamkwe@yahoo.com] Sendt: 9. desember 2014 18:42 Til: bjornisogn@gmail.com Emne: MERRY X- MASS & NEW YEAR WISHES AND THANKS
In a country where poverty impact is
80% of the total population , raising and keeping children healthy , educated ,
giving them child rights and protection is a daily struggle.
Our friend Bjorn and your fellow helpers
of BETHEL HOME AND SCHOOL COMMUNITY, now is almost one year since we thanked
you for your last year greatly and lovely support we have received from
you.
Tidlegare
i veka sende Godbless ein e-mail der han fortalte at 7.klassingane ved deira
skule, Bethel School, hadde dei beste resultata i landet ved nasjonal eksamen
no i haust. (Skuleåret startar i januar) Neema og Godbless får no gratulasjonar
frå heile landet, fortel dei. Dei får og mange spørsmål frå foreldre om deira
barn kan gå på skulen.
Biletet
syner 7.klassingane som bur på barneheimen, i tillegg er det nokre elevar som
går på skulen, men som bur heime.
Noreen
sit i fremste rad, nummer to frå venstre. Ho var den einaste som fekk beste
karakter i matematikk, A. Alle fekk A i engelsk. Ingen stryk i nokon av faga.
Det var
matematikk for 7.klasse eg følgde mest, særleg på kveldane heime. Læraren
heitte Joseph og var ein tolmodig og dyktig pedagog. Alle timane eg følgde
gjaldt drill i rekning på dette nivået – forkorte brøkar, finne x, øve seg på
parentesarosb. Oppgåvene hadde minimalt
med tekst, dvs det var i hovudsak naken rekning og matematikk.
Det var i
stor grad slik matematikk var lagt opp også då eg gjekk på skulen, t.o.m. på
gymnaset. Dette tilsvarar også første del av matematikkeksamen i 10. klasse i
norsk skule i dag. I 2. del har oppgåvene mykje tekst og matematikklærarar
fortel at det er den språklege utfordringa som skapar mest problem for elevane.
Dei får i gjennomsnitt lægre karakter i matematikk enn i dei andre skriftlege
faga.
Men med
all denne drillinga blir nok desse afrikanske elevane flinkare enn dei fleste
norske elevar til sjølve reknehandverket.
Dei heldt
på med dette til kl 2200 kvar kveld. Då gjekk direkte til sengs og blei vekte
kl 0500 etter sju timar med søvn.
Som tidlegare
nemnt er mais svært viktig i kosthaldet og hovudkjelda til energiinntaket. I
tillegg et borna både bøner og ris og dessutan kjøt, grønsaker, frukt og neter.
Slik får dei eit godt kosthald, samla sett.
Godbless
har leigd jord i nærleiken av der dei bur og har i år dyrka 25 dekar med mais og maisen vart hausta i september i år.
Dette gav ei avling på 9 000 kg, som dekker 2/3 av det samla behovet for
mais i barneimen (meir enn 100 born + rundt 20 vaksne) og på skulen (meir enn 400 born + rundt 25
vaksne). Alle borna i barneheimen går på skulen. Det gjeld òg for mange av dei
vaksne i barneimen.
Dei
eldste borna i barneheimen hjelper til med planting, fjerning av ugras,
hausting og tresking og arbeidet med å få maisen opp i dei store 100 kg
sekkane. Videoen syner korleis treskinga skjer. Vi ser at borna ber maiskolbane i sekker til treskeverket på traktoren og at maskina spyr ut dei ribba kolbane til den eine sida og maiskorna ut på ein duk til den andre sida. Vi får òg glimt av ein haug med ferdigprodusert mais og maisplantar som kyrne skal ete.
Ein nordmann kjenner att mykje av det som skjer i
klasserommet i Bethel school, men det er òg mykje som overraskar. I dette innlegget
skal eg gje eit bilete av inntrykk etter ca 10 besøk i klasserom, med
forskjellige lærarar/fag/klassesteg.
Det første som skjer når ein vaksen person kjem på
besøk er at alle elevane reiser seg og helsar velkomen og spør korleis det står
til. Så må du svare at du har det fint og spørje korleis dei har det. Denne
helsinga vert òg gjennomført når læraren kjem til timen. Og når timen er slutt
reiser alle seg og takkar læraren for god undervisning.
Biletet syner lærarstaben i februar 2013. Tre av dei
er assistentar i «barnehagen», dvs gruppa med 4-6 åringar som går i nursery
school. To av dei er ikkje lærarar, m.a. Godbless ytst til høgre.
Då eg besøkte Neema og Godbless I februar2014 fekk eg
for første gong tid til å vere til stades I mange av klassane for å følgje
undervisninga. Tidlegare har det berre vore meir stikk innom i tilfeldige
klasserom. Denne gongen forsøkte eg å variere både klassesteg, fag og kva for
lærar som underviste. Det vart i overkant av 10 besøk. I tillegg følgde eg med
på undervisninga som føregjekk på kveldane heime, særleg 7.klasse sidan dei var
avgangsklasse og jobba særleg hardt.
Mykje kjenner vi att frå norsk skule, men det er
sjølvsagt òg døme på ordningar og opplegg som overraskar ein nordmann. Eit
slikt døme er at alle lærarar har kvar sin bok der dei før di går til timen må
gjere greie for opplegget, basert på læreplanen i faget/steget. Ei tilfeldig
valt side i boka til ei av lærarane ser slik ut:
Borna
begynner i skulen det året dei fyller sju. Frå dei er fire kan dei bli opptekne
i «barnehagen», som har namnet Nursery school. Det liknar lite på våre
barnehagar, langt meir på vår småskule, borna skal lære bokstavar og tal, sitje
på pultar og vere rolige. Det er lite leik og frie aktivitetar.
Videosnutten
syner korleis Lillean gjev undervisning i talforståing. Borna kjem fram og skal
setje ring rundt det talet ho har sagt. Dersom rett tal får ring, blir det
applaus og jubel. Eg var i denne tal-økta i nærare ein time og vart svært imponert
over korleis Lillean makta å halde full konsentrasjon og stor entusiasme blant
dei nærare 100 borna, frå fire til seks år gamle, som skulle lære tal. Venteleg
var det ein del av dei minste som ikkje forstod alt som skjedde og blant dei
eldste var det sikkert mange som tykte dette var elementært. Likevel så det ut
som om motivasjonen var på topp. Ein viktig del av metodikken hennar var å
stille mange relativt enkle spørsmål som borna svarte på i kor. Det var med
andre ord svært lite einetale frå Lillean.
Det er
fire kyr og nokre kalvar i fjøsen. I fleire månader har to karar greve vekk jord
og slege seg gjennom steinar og fjell for å lage plass til gassproduksjon
basert på kumøkka. Midt i juni sendte Godbless bilete av tankane som då var på
det næraste ferdige.
Han seier
at tilgang på gass er viktig av m.a. økonomiske og miljømessige grunnar. Kostnaden
med drift av gassanlegget blir mykje lægre enn innkjøp av ved - det er ved dei
brukar til all matlaging. Av miljøvernomsyn er det eit generelt forbod i
Tanzania mot vedhogst, men ein kan søke om løyve til å felle tre. Det er mogleg
å få kjøpt ved dersom ein betalar nok – i eit samfunn i utvikling, med m.a.
hus- og vegbygging, blir det jo behov for å felle tre.
Ein del
av midlane eg har overført tidlegare i år har gått til å dekke hovuddelen av
investeringsutgiftene. Ein viktig side ved dette prosjektet er at det aukar
kompetansen til murarar og andre som byggjer anlegget og folk får ein
demonstrasjon på bruk av gass.
Kummen på
biletet blir nytta i samband med produksjonen av gass. Det er mogleg at det
er oppi denne kummen at dei tømmer møkka, ein gong i veka trur eg han sa. Neste
bilete syner òg tanken der dei lagrar den ferdigproduserte gassen.
Fredag er
det fysisk aktivitet. Då kjem borna med lette sko og i uniformer som høver for
aktivitet. (Kulturen tilseier at jentene ikkje skal syne knea. Dei har difor
eit litt langt skjørt, men dei har bukser under skjørtet).
Den
fredagen eg var på skulen hadde dei ikkje hatt ein fotball på to veker og sakna
det sårt. Jentene hadde heller ikkje hatt ein ball til sitt korgballspel, som
skjer attmed fotballbana.
Videoane
syner at dei har eit brukbart areal å drive ballspel på, men det vert jo problematisk
når alle elevar frå 4. til 7. klasse skal drive på samstundes. Dei burde dele
dagane mellom klassane.
Fotballkampen
var ei interessant oppleving – gutar og jenter om kvarandre og nokre med sekk
på ryggen. Formasjonen til dei to laga og strategiane deira såg ut til å vere
nokså like – alle spring etter ballen. Det er sikkert ganske effektivt når kondisjonen
er god nok.
Elles ser
det til å vere nokre med talent her, særleg ein kar som får med seg ballen i trengde
situasjonar med motspelarar på alle kantar.